søndag 31. mai 2009

Ingen fordømmelse


Så er det da ingen fordømmelse for den som er i Kristus Jesus.Rom 8.1
Her for nokre dagar sidan hadde eg det skikkeleg trasig. Eg hadde sagt noko til ein annan peson som var skikkelg sårande. Og det var fleire andre som hørte på. Eg tenkte meg ikkje om, og sa ein del som eg ikkje hadde tenkt over, og som eg eigentleg ikkje meinte.Men orda var sagt, skaden var skjedd. Eg hadde såra nokon, og vært eit veldig dårleg eksempel for dei andre eg var saman med.
Heldig vis fekk eg snakka ut med ho eg hadde såra, og bedt om tilgivelse. Eg kjente og på at eg måtte sei fra til dei som hadde hørt på.Sei at eg var lei for det eg hadde sagt.
Og eg kjente med skikkeleg fordømt. Det var ei stemme som minna meg på det dumme eg hadde sagt seint og tidleg dagane etter på..
Heldig vis kunne eg gå til Jesus, og eg viste at han ville ta godt i mot meg.Og han møtte meg med ordet over.Så er det da ingen fordømmelse for den som er i Kristus Jesus. Ingen fordømmelse..
Likevell kjente eg med fordømt.
Satan fordømte med!(Og han elsker at eg skal gå rundt å føle meg som eit dårleg menneske. Og eg har lett for å tru på alle løgnene han servere meg når eg er litt nede.)
Og mitt eige hjarta fordømte meg.
Då fekk eg dette herlege ordet fra bibelen som eit klapp på skuldra fra Far:
For selv om hjertet fordømmer oss, er Gud større enn vårt hjerte og vet alt. 1 Joh. 3.20
Gud er større enn alt. Den som han frikjenner er fri. Og Han seier at skuldbrevet mitt er betalt.Alt er betalt fult ut.Det gjorde Jesus på Golgata for 2000 år sidan. Eg er FRI!På grunn av Jesus er eg fri! Å, eg kjenner så stor grunn til å takke Jesus!
Gud vil at vi som er hans barn skal gå være fri fra dårleg sjølvfølelse.
Han vil at vi skal komma til Han, og lytta til hans ord om nåde og tilgivelse. For Hans kjærleik er utan grenser, han nåde tar aldri slutt!
Halleluja!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar