søndag 17. mai 2009

Gratulera med dagen!


( Bilde fra Tor Asle sin konfirmasjon i fjor.)

Så er enda ein 17.mai på hell.Og det har vert ein av dei mest avslappande 17.mai eg kan hugse.Eg feira nemleg 40 års dag i går. Hadde "Åpent hus" i bedehuset,og det var veldig kjekt. Mange kom for å feire saman med meg.Ca 70 stk.Slekt og venner! Det er fantastisk. Eg føler meg så rik som har så mange gode menneske rundt meg. Og enda var det nokre som ikkje kom, som det ikkje passa for osv.,som eg kjenner eg er så glad i. Eg fekk så mange gode ord. Kari,Ingrid,Arvid hadde fine talar. Masse gode ord som gjorde meg nesten rørt. Astrid og Anita kom dragande med gamle blider,(ikkje alle var like vakre)tale og sang.Arve hadde også leita i gamle albumar.. Artig det.
Eg hadde jobba ganske mykje med å laga mat og pynte. Det likar eg. Herleg når det vert fint rundt oss,maten smaker og det er nok av alt til alle!Bjarte og Jørgen hadde fantastisk underhaldning, som vanleg!! og The Pray House band sang dei finaste songane eg veit om." Så lenge jag lever "og Så dyp en kjærlighet." Det var berre så nydeleg. Det vart ein stor dag for meg. Eg har fått så mykje godt i livet. Gud har verkelg velsigna meg. Og eg vil gjerne at alle som var saman med meg skulle få med seg Guds velsignelse. Så når vi saman sang "Velsignelsen" til slutt kjente eg at dagen hadde vore akkurat så velsigna god som eg kunne drøyme om. og etter at gjestane var gått, så står dei der igjen, dei kjære storesøsknene mine og hjelper meg! Gud, tusen takk for alle du har gitt meg, som gir meg så mykje.

Så i dag har eg tatt det ganske rolig. Sov faktisk til kl 11. Det må være ny rekord på 17.mai.Gjekk i tog, satt og slappa av på skuleplassen. Var på 17.maifest i bedehuset. Og har nytt og denne dagen. Takk Gud for det fine landet du gav oss. Takk for frihet og fred!

2 kommentarer:

  1. Det var flott at disse menneskene hjalp deg, og alle de gode ordene du fikk.

    SvarSlett
  2. Hei Solfrid!

    Gratulerer så masse med overstått dag!
    Høres ut som om du hadde ein kjempefin dag, og det er bra!

    Klem Torill

    SvarSlett