Som barn hugsa eg at påsken var ei ganske kjedelig høgtid. Skjærtorsdag og særleg langfredag var dagar når vi måtte være rolege. Det var liksom ikkje lov å ha det kjekt. Vi måtte hugse på kor vondt og tungt det var for Jesus. Påskeafta måla vi egg. Det var kjekt, særleg vist dei ikkje vart knust mens vi holdt på. Eg var så heldig å ha mange søsken . Vi var 7 stk. Så når vi skulle male påskeegg hadde vi skjeldan penslar til alle. Så vi som var yngst måla vi med fyrstikker. Det gjekk det og, på eit vis. Men eg syns å hugse at dei vart lett knuste, og eg skulda på fyrstikka. Den var ikkje god nok som pensel..
Vi hadde ikkje påskeegg med smågodt heime. Trur ikkje det var så vanleg på 70 talet. Men eg kan hugse eg fekk marsipanegg hos søstra mi , ein gong eg skulle være heime aleine med mamma og pappa.
I dag har vi rikeleg med påskeegg med smågodt. Vi er ikkje så nye med å være rolege langfredag.
Mykje er annleis. Men likevell, det viktigaste er det samme.
Budskapet er det samme. Det dramatiske, kontrastane:
Jesus på eit esel- Kongen som vart hylla.
Mesteren - som jobber som slave når han vasker disiplane sin føtter.
Peter som lover aldri å svikta -men som banner på at han ikkje kjenner Jesus.
Guds son - den einaste som var utan synd, vart gjort til synd for oss, og betalte vår skuld.
Jesus døde- men vant over døden.
JESUS LEVER!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Hei Solfrid!
SvarSlettSå koselig at du har fått deg blogg som eg kan følge med på:) Blei tipsa av Rannveig! I påsken er vi heima, i kveld har vi besøk av Rannveig, eg og ho sitter på nettet mens Olav lager kvelds til oss:) Ønsker dåkke god påske!
Viss du vil ta ein titt innom sida vår er adressen www.hardang.blogspot,com.
Torill:)
Så kjekt å høre fra dykk då. Utrulig kjekt å kunne holde kontakten på så mange ulike måtar. Håper de har de fint i påska.:)
SvarSlettKlem