mandag 27. april 2009

Jesus, du fortjener all lov, pris og ære!




I dag har vi vert på leiarskule på folkehøgskulen på Frekhaug. Det er Nordhordland Indremisjon som arrangere.Skulen skal vara over 2 år, tilsaman 8 samlingar. I dag var 2.samling. Vi avslutta kvelden med lovsang og forbønn.Det var så flott å være der,og saman med 180 andre lovprise Jesus.Så eg kjenner at dagens bibelverset må bli fylt av tilbedelse:

Salme 103.1-11
Mi sjel, lov Herren!
Ja, alt som i meg er,
skal lova hans heilage namn.
Mi sjel, lov Herren,
gløym ikkje alle hans velgjerningar!

Han tilgjev all di skuld
og lækjer all din sjukdom.
Han friar ditt liv frå grava
og kronar deg med godleik og miskunn.
Han fyller ditt liv med det som godt er,
og gjer deg ung att som ørna.
Herren grip inn og frelser,
lèt alle som er trælka, få sin rett.
Han kunngjorde sine vegar for Moses,
sine gjerningar for Israels folk.
Mild og nådig er Herren,
langmodig og rik på miskunn.
Han kjem ikkje alltid med klagemål
og er ikkje evig harm.
Han gjer ikkje med oss etter våre synder
og løner oss ikkje etter våre misgjerningar.
Så høg som himmelen er over jorda,
så stor er Herrens nåde
over dei som ottast han.
Så langt som aust er frå vest,
så langt tek han våre synder bort frå oss.
Som ein far er miskunnsam mot borna sine,
er Herren miskunnsam
mot dei som ottast han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar